Pressemelding

Frå stortingsrepresentant Gunvor Eldegard (A) - 29.05.2006

Nye regler for offentlege innkjøp

I dag har næringskomiteen i Stortinget avgjett innstilling til lovendringar som inneber at offentlege innkjøp vil bli forenkla og betre. - I Noreg foretar offentleg sektor innkjøp for godt over 200 milliardar kroner kvart år. Då er det viktig at me har eit regelverk som sikrar at desse pengane utnyttast best mogleg, seier Gunvor Eldegard, næringspolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe.

Riksrevisjonen har avdekka manglande etterleving av regelverket for offentlege innkjøp. – Det er derfor viktig at me får tiltak som kan føre til betre etterleving. I si innstilling støtter næringskomiteen at det skal innførast gebyr for overtreding av reglene. Det vil og bli stilt krav om at det offentlege i større grad skal ta omsyn til universell utforming under planlegging av innkjøp. Dette av omsyn til at det blir lagt meir vekt på behova til personar med nedsett funksjonsevne, fortsetter Eldegard.

For Ap er det òg eit mål at regelverket for offentleg innkjøp på sikt kan forenklast, samstundes vil me satse på å auke kompetansen om regelverket, seier Eldegard.

Regjeringspartia er opptekne av å ha ein sterk og effektiv offentleg sektor som gjer innbyggarane gode tenester av høg kvalitet. I mange tilfeller kunne tenester i større grad vore utført av det offentlege sjølv, framfor å gjennomgå kostbare anbodsrundar.

- Eg er glad for at Regjeringa er opptatt av å styrke det offentleges ansvar og rolle innan dei sentrale velferdsoppgåvene som helse, omsorg og utdanning, og at kommersialisering på desse områda må motarbeidast, avsluttar Eldegard.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS