Pressemelding

NIFES - 05.07.2017

Gjekk frå å mangle jod til å få skadeleg mykje av det

Tidlegare leid folk i fjellandet Nepal av struma og barn vart føydde med hjerneskade på grunn av alvorleg jodmangel. No viser norsk forsking at mange nepalarar tvert i mot får for mykje jod i seg. Kva skjedde?

Jodmangel er den viktigaste årsaka til hjerneskade som det går an å hindre. Om mor manglar jod under svangerskap og amming kan barnet få alvorleg hjerneskade og svakare mental utvikling. Det er difor svært viktig at kvinner får i seg nok jod.

Jod er ujamt fordelt på kloden

På verdsbasis får nesten to milliardar menneske i seg for lite jod. Mineralet er svært ujamt fordelt i jordsmonnet, og vi finn mest av det i sjøen. Den beste naturlege kjelda til jod er fisk, og det er difor gjerne i land der folk et lite fisk at ein får dette problemet.

Nepal ligg høgt oppe i fjella, og fjellfolket et svært lite fisk og sjømat, så jodmangel brukte å vere eit stort problem. Ein stor del av innbyggjarane leid av struma, og mange barn vart føydde med hjerneskade. På 70- talet valde myndigheitene å følgje Verdens Helseorganisasjon (WHO) sine retningsliner og starta med å jodifisere salt.

Kan forstyrre stoffskiftet

Nepal fekk bukt med mangelen på jod, men dei kan ha fått eit nytt problem. Ein stor norsk studie på mødre og barn i Nepal viser at nepalarane no heller får for mykje enn for lite jod i seg. Forskarane tok urinprøver og morsmjølkprøver av rundt 500 ammande kvinner, og det viste seg at relativt mange av dei hadde for mykje jod i kroppen. Denne studien granska ikkje om kvinnene og barna faktisk hadde tatt skade av det høge jod inntaket, men høgt jod inntak som dette er ikkje heldig.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS