Pressemelding

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet. - 26.11.2013

Skremselspropaganda?

Det er skrekkeleg korleis det som i valkampen vart omtalt som skremselspropaganda frå oss raud-grøne har vist seg å stemme. Vi i Senterpartiet åtvara velgjarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og drive ein distriktsfiendtleg politikk. Høgre og Frp trong berre nokre få veker på å vise at vi hadde rett.

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) opnar no for storstilt nedbygging av matjord, td i Akershus, der IKEA skal få breie om seg 70 dekar med høgkvalitets matjord. I Trondheim vil ho la 1000 dekar blir bygd ned. Listhaug seier at spørsmålet om jordvern må vegast opp mot «storsamfunnets behov». Denne såkalte landbruksministeren veg jordvern og matproduksjon opp mot møbel- og teppesal, og det siste vinn for «storsamfunnets» del. Kva er dette anna enn knefall for heilt andre krefter enn dei som vil byggje landet og tryggje matvareberedskapen for framtida? Og tener det eigentleg storsamfunnet?

I iveren etter å drive ein offensiv samferdselspolitikk, som i seg sjølv er veldig bra, tek regjeringa mange millionar frå næringsutviklingsmidlar i heile landet. Dei tek vekk pengar frå tunnelvedlikehald på veg for å finansiere vedlikehald på jarnbane. Dei kuttar i viktige verkemiddel for at landbruket skal vera livskraftig landet rundt. Regjeringsskiftet ga nok veljarane ei etterlengta endring i statsrådsfjes, men eg trur ikkje at fleirtalet av innbyggjarane nødvendigvis ønskjer ein slik politikk som den mørkeblå regjeringa kjem til å valse fram med. Ei storstilt sentralisering av kommunar, politi, tingrettar og nedbygging av landbruket og distriktsnæringar er i alle fall ikkje noko som tener framtida, viss ein då ikkje innbiller seg at alt viktig skjer i storbyane.

Når dette innlegget framstår som ein smule pessimistisk, er det verdt å minne om at realisme og pessimisme somtid høyrer saman. Det var fullt på sin plass at vi før valet åtvara mot ei ny regjering. Dessverre.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS