Pressemelding

Digitaliseringsdirektoratet - 07.02.2020

Altinn mottek German Design Award

Altinn mottek i dag German Design Award, som kvart år blir delt ut til gode designprosjekt frå heile Europa.

Det er det tyske designrådet som står bak German Design Award. I juryens grunngjeving for at Altinn får prisen, heiter det:

«Nettstaden knyter styresmaktene saman med innbyggjarane på ein serviceorientert måte, vakkert gjenspegla i det venlege og moderne designet med sine særeigne illustrasjonar. Den intuitive nettstaden er strukturert tydeleg og gir rask tilgang til innhald.».

Fleire prisar

Det tyske designrådet følgjer godt med på designprosjekt over heile Europa. Dei har truleg fått med seg at Altinn-designet har vunne nasjonale prisar som IxDA-prisen for god brukaroppleving, merket for godt design frå DOGA og diplom for godt design/illustrasjon frå bransjeorganisasjonen Grafill. Illustrasjonane som set sitt preg på Altinn-designet, er laga av Sandra Blikås frå byHands.

– Det at folk utanfor Noreg legg merke til og verdset designprosjektet i Altinn, er ekstra morosamt. Alle som har jobba med å designe offentlege tenester veit kor krevjande der er å få komplekse løysingar til å stå fram som enkle for brukarane. Dette er ei viktig påminning om kva som skapar verdi i det vi jobbar med, seier ansvarleg for design og brukaroppleving i prosjektet, Alise Kjelling.

Blir aldri ferdig

Thord Veseth Foss frå designbyrået Fossland + Foss har vore sentral i designarbeidet. Han er glad for prisane og håpar det blir rom for å føre arbeidet vidare også i tida framover.

– Å redesigne Altinn er ei maratonoppgåve, og da er det fint og naudsynt med oppmuntringar undervegs. Vi får prisen for arbeid som ble gjort for et par år sidan, men mykje av det vi har gjort sidan, byggjer vidare på dette, så det syner at vi er på riktig spor, seier Thord Veseth Foss.

Det prisvinnande designet ble lansert allereie hausten 2017. Då var Altinn-forvaltninga ein del av Brønnøysundregistra. Frå 1. januar i år tok Digitaliseringsdirektoratet over ansvaret for Altinn.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS