Pressemelding

mferdselsminister Liv Signe Navarsete (SP) - 07.06.2006

Betre fjernsynstilbod - i heile landet!

Norges televisjon as (NTV) har nyleg fått konsesjon til å byggje og drive eit digitalt bakkenett for fjernsyn. Med dei vilkåra som regjeringa har fastsett for denne konsesjonen, er det no klart for ei utbygging som vil ha mange positive verknader:

•Heile landet får et nytt sendenett for fjernsyn, med større kapasitet og betre lyd- og biletkvalitet, samanlikna med det som er tilfelle for det analoge nettet vi har i dag. Dette opnar for fleire kanalar og betre dekning, særleg i distrikta. For fjernsynssendingane til NRK2 aukar dekningsgraden frå om lag 55 prosent til 95 prosent av husstandane. Fjernsynstilbod som byggjer på norsk språk og kultur blir styrkt i konkurransen med utanlandske kanalar.

•Også i hytteområde vil mange fleire ta inn fjernsyn, når det digitale bakkenettet kjem på plass.

•Eit landsdekkjande digitalt bakkenett gjer det og mogeleg å tilby tenester som er lagde til rette for dei som er syns- eller hørselshemma.

•Med eit digitalt bakkenett blir det større konkurranse, fordi dette nettet vil vere ein fullverdig konkurrent til fjernsynsformidling gjennom kabel- og satellittnetta. Forbrukaren får dermed større valfridom.

Det høyrer elles med i biletet at ein i fleire europeiske land er i gang med å skifte frå analog til digital fjernsyn. Eg ønskjer ikkje at Norge skal bli liggjande att som ei ”analog øy” i Europa, noko som ville ha blitt ei dårleg og dyr løysning. Dei analoge sendarane har no gjort teneste i mange år, og ei oppgradering av det analoge nettet er rekna å koste om lag 1,5 milliardar kroner fram til 2017. Med det digitale bakkenettet kan vi sjå bort frå desse kostnadene, samtidig som vi – i heile landet – får eit fjernsynsnett med fleire kanalar og betre dekning, bilet- og lydkvalitet.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS