Pressemelding

Fiskeridirektoratet - 28.08.2012

Manglar god nok rømmingssikring


Ein omfattande kontroll av settefiskanlegg på sørvestlandet syner manglar ved rømmingssikringa hjå mange aktørar.

Settefiskanlegg med manglende områdesikring. Foto: © Fiskeridirektoratet

I løpet av april vart 27 settefiskanlegg i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland kontrollerte av Fiskeridirektoratet. Rundt 25 prosent av anlegga hadde alvorlege manglar med til dels høg risiko for rømming, medan det på dei resterande anlegga var mindre alvorlege manglar.

På eit anlegg vart det avdekka manglande sekundærsikring, og det vart observert at fisk sumde ut frå anlegget. Vidare vart det på eit anlegg observert vasslekkasje under eit kar. Dette medfører utgraving av fundamenteringa. På fem av anlegga vart det observert fisk som stod ved sikring nummer to, noko som indikerer at den fyrste sikringa ikkje har fungert slik den skal.

Kravet om dobbel rømmingssikring står i akvakulturdriftsforskrifta, og næringa er pålagt å følgje dette.

Risikobasert tilsyn
Dei kontrollerte anlegga var plukka ut med bakgrunn i ei risikovurdering gjort i Fiskeridirektoratet sine regionar, og resultata tyder på at ein har treft nokså godt.

– Aksjonen syner at settefisknæringa framleis har ein jobb å gjere med å sikre anlegga tilstrekkeleg for å redusere risikoen for rømming. Men trass i at det vart avdekka mange manglar, er det viktig å få fram at dei fleste av verksemdene hadde kunnskap om rømmingssikring og hadde brukt tid og ressursar for å forsøke å innfri kravet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Trussel mot villaksen
Gjennom internasjonale avtalar er Noreg forplikta til å bevare villaksen, og rømming av fisk er eit sentralt fareområde i høve til genetisk påverknad på dei ville bestandane.

Havforskingsinstituttet viser i sin årlege rapport ”Risikovurdering – miljøvirkninger av norsk fiskeoppdrett” til at særleg rømming på smolt- og postsmoltstadiet er problematisk, mellom anna fordi denne fisken har ei gyteåtferd som liknar den til villaksen.

Fiskeridirektoratet innførte i 2008 krav om dobbel rømmingssikring av settefiskanlegg.

Lik handsaming
Fiskeridirektoratet har fokusert på dobbel sikring av settefiskanlegg dei siste åra, og det har vore gjennomført mange kontrollar av settefiskanlegg i heile landet.

– Det har vore viktig for oss å sikre at anlegga blir vurderte på same vis, uavhengig av kven som kontrollerar og kvar i landet anlegga ligg. Kontrollane vart difor gjennomførte med hjelp frå personell frå dei fleste av regionkontora i Fiskeridirektoratet, og totalt var 17 personar involverte, seier Holmefjord.

– Kravet om dobbel rømmingssikring er eit funksjonskrav som seier at ein skal ha to uavhengige fungerande sikringar til einkvar tid. Det opnar for at det kan nyttast mange ulike tekniske løysingar. Det har vore utfordrande både for næringa og for oss å handheve dette kravet, og Fiskeridirektoratet oppretta i den samanheng ei faggruppe som har definert minimumskrav til sikringane. Krava er sette med bakgrunn i rømmingsepisodar og erfaringar frå kontrollar, og det vil i denne samanheng bli utarbeidd ein rettleiar til næringa som vil bli lagt ut på nettsidene våre.

Held fram med kontrollar
Dei fleste av manglane som vart avdekka under offensiven har blitt retta opp. Fiskeridirektoratet vil halde fram med å kontrollere settefiskanlegg med bakgrunn i risikovurdering i høve til rømming.

– Vi ser alvorleg på at det vart avdekka såpass mange manglar, og vil ha ei tett oppfølging av settefisknæringa framover, avsluttar fiskeridirektøren.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS