Pressemelding

Magnhild Meltveit Kleppa (Senterpartiet) - 16.03.2005

Kynisk og misvisande frå Framstegspartiet

Med si framstelling av saka om ny supplerande stønadsordning bidrar Frp til auka rasisme. Det er både kynisk og misvisande å framstilla denne ordninga som ein ordinær minstepensjon, seier Senterpartiets Magnhild Meltveit Kleppa, leiar i Stortingets kommunalkomite og saksordførar for den nye statlege stønadsordninga.



Nokre eldre nordmenn som har returnert frå utlandet og som ikkje klarer seg sjølv økonomisk, er sikra ei meir føreseieleg minsteinntekt. Det same er dei såkalla Kola-nordmennene, som vart invitert tilbake til Noreg for fleire år sidan, samt eldre innvandrarar med kort butid i Noreg. I dag er sosialhjelp løysinga, eit ansvar mange kommunar har bedt om endring på.

Senterpartiet tok initiativ til ei slik ordning i Utjamningsmeldinga i 1999. Det er på høg tid at ei lov kjem på plass. Stønaden er på dagens minstepensjonsnivå, men skal prøvast mot både inntekt og formue til både søkjaren sjølv og ektefelle eller sambuar. Stønaden inneber også andre avgrensingar i høve til ein ordinær minstepensjon. Søknad må framsetjast ved personleg frammøte på trygdekontoret og gjeld for eitt år om gongen. Regjeringa reknar at saka gjeld mellom 2000 og 3000 personar og vil medføra ein årleg kostnad på om lag 150 mill.kr. Ap, Sv og Sp meiner staten skal ta desse kostnadene. Det er uhøyrt av Regjeringa å be kommunane betala størstedelen av rekninga, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS