Pressemelding
Kan kutte éin prosent av Noregs klimagassutslepp med nytt biokarbonprosjekt
Enova har tildelt nesten 87 millionar kroner til Elkem, til eit prosjekt som kan gi betydelege klimagasskutt for Noreg.
– Det er ikkje kvar dag vi ser klimaprosjekt av denne storleiken i Noreg. Viljen Elkem viser til å satse på grøn omstilling er inspirerande. Klimaendringane skjer her og no, og vi er heilt avhengige av å ha med industrien dersom vi skal lukkast med omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Målet er at halvparten av kolet som blir brukt i Elkems silisiumproduksjon frå 2030, skal komme frå fornybare tremateriale i staden for fossile kjelder. Prosjektet er krevjande, og vil leggje til rette for å kutte klimagassutslepp med ein halv million tonn CO₂ per år dersom det lukkast. Det svarer til ein dryg prosent av dei totale utsleppa i Noreg, seier prosjektansvarleg i Enova, Ståle Kvernrød.
Totalbudsjettet for prosjektet er på 242 millionar kroner, der Elkem investerer alt sjølv, bortsett frå 87 millionar kroner i støtte frå Enova.
Støvar og kan ta fyr
Med sine fem smelteverk i Noreg produserer Elkem silisiumprodukt. Produksjonen står for heile to prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg. Dei har klart å ta i bruk treflis i ein fjerdedel av produksjonen sin. Fordi omnane ikkje toler endå meir treflis, skjer framleis 75 prosent av produksjonen med fossilt kol.
Målet med det nye prosjektet er å auke delen fornybart tremateriale gjennom pellets av biokarbon.
I dag er det ikkje mogleg å kjøpe pellets av biokarbon med rett kvalitet til bruk i smelteverka. Elkem skal derfor no teste nye variantar av pellets med trebasert kol frå ulike leverandørar. Målet er å finne ein type biokarbon som både fungerer godt i silisiumproduksjon og er trygg å bruke. Biokarbonet som finst i dag, utgjer ein risiko fordi det støvar og kan ta fyr av seg sjølv.
– Biokarbon er ein av dei viktigaste brikkene for å kutte utslepp frå silisiumproduksjon. For at vi i Elkem skal kunne auke delen biokarbon i produksjonen, treng vi bioprodukt som er tilpassa bruk i smelteomnane våre med høg temperatur. Vi set stor pris på støtta frå Enova, som gjer at vi kan lyfte klimasatsinga vår vidare og utvikle konkurransedyktige løysingar som både Elkem og prosessindustrien har behov for, seier Grim Terje Øberg, prosjektansvarleg i Elkem.
Kan bli attraktivt globalt
Dersom prosjektet lukkast, vil teknologien vere attraktiv for smelteverksindustrien både i Noreg og globalt, og skape arbeidsplassar og verdiar utover klimagasskuttene ein siktar mot innan 2030.
– Alle norske og internasjonale smelteverk har dei same utfordringane som Elkem, med store klimagassutslepp som følgje av omfattande bruk av fossilt kol. Gjennom fleire Enova-støtta prosjekt blir det no jobba med å finne løysingar som erstattar det fossile kolet. Dersom ein lukkast med dette, vil betydninga bli enorm, seier Ståle Kvernrød i Enova.



















