Pressemelding

NIFES - 27.05.2014

Insekt kan sikre framtidas fiskefôr

Insektmjøl kan bli ein viktig ingrediens i fôret til oppdrettslaks og samstundes sikre ein meir berekraftig produksjon.

Det meiner forskarar hos NIFES, som alt er i gang med å forske på insekt som laksemat.

- Insektmjøl kan erstatte fiskemjøl, ein til no viktig ingrediens i oppdrettsfôret, men stadig knappare ressurs. Insektmjøl er svært proteinrikt, og samansetninga av aminosyrer liknar på dei vi finn i fiskemjøl, seier forskar ved NIFES Erik-Jan Lock.

På liknande måte som fiskemjøl, blir insektmjøl framstilt gjennom ein prosess der råvarene blir tørka, sentrifugert og malt opp.

- Mange vil kanskje tenke på insekt som lite delikat. Men insekt og insektlarver er ein viktig del av dietten til villfisken. Insektmjølet er derfor noko av det mest naturlege vi kan ha i fôret, seier Lock.
Han peikar dessutan på at bruk av insektmjøl kan gi ein stor miljøgevinst.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS