Pressemelding

Bjarne Rohde (SV) , fylkesråd for utdanning i Troms og Finnmark - 26.03.2020

Heltane i heimeskolen

Vi lever i ei rar og for mange skremmande tid. Korona-viruset har snudd kvardagen på hovudet, og no handlar det om å stoppe smittespreiinga først. Så handlar det også om å bevare bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn.

Fremst i forsvarslinja står folka i helsetenesta. Dei er heltar som med fare for si eiga helse gjer sitt ytste for å ta vare på oss andre. Det er vanskeleg å rose nok det arbeidet som sjukepleiarar, reinhaldarar, legar, helsefagarbeidarar og andre i helsevesenet gjer no.

Men det er også andre heltar no i denne situasjonen. Dei som driv skolane våre; lærarar, rektorar, administrasjon og kantine. Den plutselege omstillinga som vart nødvendig for knappe to veker sidan, har vore tatt på strak arm, og har imponert meg. Lærarar, elevar og føresette, gjer sitt beste for at sjølv om vi ikkje lenger kan sitte i same rom, skal undervisning og læring skje så langt på veg det går an. Samfunnet har ikkje råd til å miste det kullet med elevar som skal avslutte si vidaregåande opplæring denne våren.

På rekordtid har skolane komme i gang med digital undervisning. Sjølvsagt er det nokre utfordringar med system, teknikk og digital infrastruktur, og den plutselege manglelen på nærkontakt mellom elev og lærar gjer det heller ikkje enklare å få til god læring. Det er vanskeleg for mange, og vi skal ikkje skjønnmåle situasjonen. Dette er ei tid kor vi må vera enno meir årvakne for ungdommar som no ikkje har det sosiale kontaktnettet til stades på same måte som skolekvardagen normalt vil vera.

Likevel går i hovudsak læring, undervisning og skolearbeid går mykje betre enn ein kunne frykte, og viljen og innsatsen er ein viktig faktor i dette.

Mange foreldre får prøvd seg som lærarar og barnehagestyrarar i desse dagane. Det er nok mange som får seg ei påminning om kor viktig jobb dei tilsette i skolane gjer. Å plutseleg skulle vera reservelærar er ikkje enkelt. Kanskje blir det enno meir vanskeleg når ein ser bilete på sosiale mediar av venner og familie som tilsynelatande får til ei perfekt heimeskole.

Til dokker som føler at dokker ikkje strekk til som heimeskoleforeldre: senk skuldrane. Den nasjonale dugnaden no handlar først og fremst om helse og smittevern. Om heimeskolen ikkje blir perfekt, så kan vi tåle det. Gjer det du klarer, og bidra der du kan. Det viktigaste arbeidet er å halde familiane samla i ein trygg heim til korona-krisa er overstått. Så får det heller vera at ikkje heimeskolen er like bra som det du ser på Facebook.

Eg veit ikkje kor lenge dette varer, eller kva resultata blir når vi er ute av krisa. Men eg veit at lærarar, rektorar og øvrig personale gjer, og kjem til å gjere, sitt beste for at ungdommen skal få den opplæringa dei skal ha.

Det er heltar i skolane våre for tida. Både elevar, lærarar og foreldra som legg til rette heime. Dokker fortener all honnør, og eg kan love frå fylkeskommunen si side at vi skal gjere det vi kan for å få dette til å fungere så godt som mogleg. Tusen takk. Skolane vil opne igjen, det vil bli nokon lunde som før, men vi veit ikkje enno når. Vi tar med oss dei lærdommane vi no får om digitale verkty, fjernundervisning og alternative undervisningsformer til det skjer.

I mellomtida: Takk for innsatsen. Du er god nok.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS