Pressemelding

Statsministerens kontor - 14.05.2014

Feiring av 200 år med regjering og departement

Måndag 19. mai vert 200-årsjubileet for regjering og departement markert på eit arrangement ved Karpedammen på Akershus festning. Tilsette og tidlegare tilsette i departementa får selskap av blant anna kongen, statsministeren og fleire tidlegare statsministrar.
19. mai 1814 fekk dei regjeringsorgana som regent Christian Frederik hadde oppretta 2. mars same år, sin basis i den nye norske grunnlova. Arbeidet i Statsrådet, Statssekretariatet og fem departement hadde då vore i gang frå 3. mars.
Statsminister Erna Solberg og fleire regjeringsmedlemmer tek imot tilsette og tidlegare tilsette i departementa når 200-årsjubileet skal markerast. H.M. Kong Harald, stortingspresidenten, høgsterettsjustitiarius og dei tidlegare statsministrane Jens Stoltenberg, Kjell Magne Bondevik, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch er også til stades.
Arrangementet er sett saman av talar, musikk og andre kulturelle innslag.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS