Pressemelding

Frida Melvær, stortingsrepresentant (H) Justiskomiteen - 02.05.2018

Det er ikkje nødvendig, Senterpartiet

Senterpartiet føreslår at vi går tilbake til teiknebrettet og startar eit nytt arbeid med 
totalberedskapskommisjon. Det er unødvendig bruk av tid og ressursar.

I førre stortingsperiode tok regjeringa initiativ til å starta opp eit stort politisk og fagleg arbeid med å 
kartlegge, analysere og byggje opp forsvar, samfunnssikkerheit og beredskap. Eit område som hadde 
vore nedprioritert i fleire tiår. Ei politisk prioritering som det store fleirtalet i Stortinget har stått 
samla om, men som SP diverre stilte seg på sidelinja av.

Norge er eitt av verdas tryggaste land. Erfaringar har likevel vist at alvorlege og uventa hendingar 
også kan ramme oss. Vårt felles mål om eit trygt folk i eit trygt land krev nye løysingar og 
organiseringar enn dei vi har hatt fram til no. Dei ulike departementa har fått ansvar for å følgje opp 
beredskapen innan sitt ansvarsområde –dette dekker alle dei områda SP etterspør. Arbeidet med 
samfunnssikkerheit og beredskap er sett i system. Samfunnssikkerheitskjeda skal endeleg bli ei kjede 
utan brot.

SP ber om at vi går tilbake til teiknebrettet og startar eit nytt ressurskrevjande utgreiingsarbeid. 
Regjeringspartia og KrF ønskjer å halde fast på å få gjennomført dei tiltaka og reformene som er 
vedtatt av Stortinget. På dette tidspunktet vil ein beredskapskommisjon truleg ikkje tilføre noko nytt til 
kunnskapsgrunnlaget, men tvert imot flytte ressursar og fokus vekk frå det pågåande arbeidet. Vi 
styrkar ikkje beredskapen gjennom enda fleire analyser, men gjennom iverksetjing, tiltak og 
investeringar. Vi er ikkje i mål, men står no midt i fleire omfattande prosessar der fokuset handlar om 
å skape eit enda tryggare Noreg. No er det ei tid for handling!

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS