Pressemelding

Norark.no - 22.05.2014

Bloggar frå utgravingsgrøfta

- Ambisjonen med Norark er både å gi fleire ein enkel måte og følgje med på arkeologiske undersøkingar, og å gi arkeologane ei enkel løysing for å fortelje om korleis dei jobbar og kva dei finn, seier prosjektleiar og redaktør for Norark.no, Tove Eivindsen frå NTNU Vitskapsmuseet.

Nettportalen Norark vart lansert i 2013, med utgangspunkt i forskingsprosjektet «Forsking i fellesskap», som er finansiert av universitetsmusea som deltek og Norges forskingsråd.

- Til saman har desse musea fleire tiltals arkeologiske undersøkingar av ulik storleik årleg. Det er ikkje hensiktsmessig å lage nettsider for kvar enkelt utgraving. Det er dermed ressurssparande å samle alt på Norark.no, samstundes som om vi meiner at ei samling gjer det lettare å finne informasjon for publikum, seier Eivindsen.

– Vi merkar stor interesse for arkeologi. Både naboar, lokalmedie og generelt interesserte kan gjennom Norark.no følgje både einskildprosjekt og aktiviteten på landsbasis.

Pr. medio mai har til saman 193 utgravingsprosjekt frå dei siste tre åra blitt lagt inn i Norark.no, og 91 arkeologar er med som bidragsytarar til bloggen. Norark har også eiga facebookside.

Norge har fem universitetsmuseum som forskar på arkeologi: Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo; NTNU Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet; Universitetsmuseet i Bergen ved Universitetet i Bergen; Tromsø Museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø; og Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Det er desse fem universitetsmusea som står bak Norark.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS