Pressemelding

Jenny Klinge Justispolitisk talsperson, Senterpartiet - 02.10.2019

Å falle mellom to domstolar

Sentraliseringsiveren til regjeringa vil ingen ende ta. No er det domstolane som skal til pers, og det så raskt som råd. Regjeringa burde gjera seg ferdig med politireforma og få kontroll på den etaten før dei bryt seg på nye, store sentraliseringsprosjekt.

 

Regjeringa sette i 2017 ned ein domstolkommisjon, og gjorde det tydeleg allereie i mandatet at talet på domstolar skulle ned. Sidan har regjeringa framskunda den delen som gjaldt struktur til 1. oktober i år, slik at denne no er lausriven frå resten av analysen som kjem i 2020. Regjeringa forhindra stor politisk debatt om saka i ein valkamp ved å vente til etter kommune- og fylkestingsvalet, men samtidig har dei god nok tid til å gjera drastiske endringar før stortingsvalet i 2021. Det å unngå debatt før val slik er ikkje den mest sympatiske måten å styre landet på.

 

No ser vi at utvalet har levert på bestilling. Utvalet vil kutte dei 60 tingrettane vi har i dag til 22, i tillegg til 8 rettsstader som blir lagt under ein annan tingrett. Framlegget inneber også ein drastisk reduksjon i talet på jordskifterettar.

 

Ein kan jo spørje seg om det ikkje er på tide å spara pengar ved å slå saman domstolar òg. Og vil ikkje kvaliteten på arbeidet bli betre når ein fjernar dei minste? Det er heilt greitt å spørje, men svaret er nok ikkje slik regjeringa ønskjer det skal vera. For effektivisering innan eitt felt betyr ikkje nødvendigvis innsparing for samfunnet sin del - som når nedleggingar av offentlege tenester inneber å flytte transportetappar, pengebruk og tidsbruk over på andre etatar eller over på bedrifter og enkeltpersonar.

 

Det er ikkje noko likskapsteikn mellom samanslåingar og spareeffekt innan dei offentlege etatane heller. Politietaten har ikkje akkurat vorte meir effektiv og billigare i drift etter dei massive samanslåingane i politireforma. Budsjettet for dei ti minste domstolane utgjer 1,89 % av det totale domstolbudsjettet. Det er ikkje påvist at store domstolar er meir effektive eller har høgare kvalitet enn dei små. Det er heller slik at ulike domstolar arbeider med ulik fart og kvalitet, uavhengig av storleiken.

 

Det er eit paradoks at regjeringa prøver å framstille det som om dei små domstolane er mindre effektive enn dei store, samtidig som effektiviseringstiltak - slik som digitaliseringsløftet - berre blir gjennomført i dei 12 største tingrettane. Dei små domstolane fell rett og slett mellom to stolar fordi regjeringa ikkje evner å sjå verdien av den mangfaldige og gode domstolstrukturen vi har i Noreg i dag. Dette er ein del av det vi i Senterpartiet meiner er «sniknedlegging» av dei små domstolane, som har vorte gjennomført over fleire år fram til rapporten til Domstolkommisjonen no vart lagt fram og i verste fall startar ein større sentraliseringsrunde.

 

Vi i Senterpartiet er heilt tydelege på at ei massiv sentralisering av domstolane, inkludert jordskifterettane, er uaktuelt. Nærheit til tenestene og ein aktiv stat er viktig i heile landet, og gode rettstenester og rettsikkerheit er grunnleggjande viktig.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS