Pressemelding

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp - 18.03.2005

Krigsbarnoppgjeret burde vore rausare

Det opplegget som justiskomiteen no legg fram i høve til økonomisk oppreising for krigsborna, burde vore rausare, seier Magnhild Meltveit Kleppa. Dette handlar om ei gruppe som i 60 år har vore stigmatisert av det norske samfunnet. Det stemplet og den behandlinga desse borna fekk i etterkrigstida, er ein skamplett i vår moderne historie. Stortingsfleirtalet burde lagt større vekt på den kollektive audmjukinga og den lange tida som er gått før samfunnet tar ansvar. Eit sentralt spørsmål er forslaget frå Regjeringa om 20 000 kr. i erstatning utan omfattande dokumentasjon. Senterpartiet meiner det beløpet bør hevjast til 60 000 kr.og kjem til å fremja forslag om det den 4.april.

Eg er elles overraska over at Justiskomiteen ikkje har tillagt Lars Borgersrud si siste forsking større vekt. Her kjem det tydeleg fram at norske styresmakter aktivt hindra utbetaling av barnebidrag og barnetrygd, noko som heilt klart medførte ein forverra kvardag for dei familiane dette galdt, seier Kleppa.

Magnhild Meltveit Kleppa tok som sosialminister initiativ til omfattande forskningsprosjekt om krigsborna sine oppvekstvilkår. Våren 2002 fremja ho eit privat forslag om eit nasjonalt krigsbarnoppgjer. Stortingsmelding 44 er ei oppfølgjing av det forslaget.


Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS