– Det har vore krevjande for godstogoperatørane dei siste åra, særleg på grunn av mange forseinkingar og innstillingar. Satsinga til regjeringa på vedlikehald og fornying vil betre forholda på litt lengre sikt. Med løyvingane som regjeringa no foreslår i revidert nasjonalbudsjett, blir rammevilkåra for godstogoperatørane betre også på kort sikt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Økonomisk kompensasjon for stengt trafikk på Dovrebanen
Regjeringa foreslår å løyve 70 millionar kroner for å kompensere godstogselskap for tap som følge av at Dovrebanen i vinter blei stengt for gjennomgåande trafikk i over to månader. Grunnen var at det oppsto eit umiddelbart behov for reparasjonstiltak på Otta jernbanebru, som krysser Gudbrandsdalslågen.
Denne brustenginga førte til at godstransport på bane mellom Oslo og Midt-Noreg og vidare til Bodø i stor grad blei stansa. Når godstoga ikkje køyrer, blir godset frakta på veg. Då sit togselskapa igjen med dei faste kostnadene og mister inntektene.
På grunn av statsstøtteregelverk må kompensasjonsordninga bli godkjent av av EFTAs overvakingsorgan (ESA) før utbetaling kan skje.
Vil styrke konkurransekrafta til godsnæringa på jernbanen
I behandlinga av statsbudsjettet 2025 før jul i fjor løyvde Stortinget 104,8 millionar kroner til tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til jernbane. Med den foreslåtte auken på 30 millionar kroner, legg regjeringa oppt til ei løyving på i alt 134,8 millionar kroner til ordninga i år.
– Godstransport på jernbane er positivt for klima, miljø og transportberedskapen, og bidrar til betre framkome og trafikktryggleik for varer som må fraktas på veg. Den forslåtte auken i tilskotsordninga kan bidra til å flytte meir godstransport frå asfalt til skjener, seier samferdselsministeren.
Tilskotsordninga er retta mot kombitransport og vognlast, der konkurransen mot vegtransport er størst. Ordninga er i utgangspunktet førebels. Regjeringa har videreført ordninga med ei godkjenning frå ESA fram til 2028.
Regjeringa følgjer situasjonen for godstogoperatørane, og vil vurdere ytterlegare tiltak dersom situasjonen tilseier det.
|