Pressemelding

| Samferdselsdepartementet - 20.06.2025

Regjeringa set ned eit lovutval for å greie ut ny veglov

Det er i statsråd i dag, 20. juni 2025, satt ned eit offentleg utval som skal greie ut og foreslå ein ny veglov.

Det har skjedd store organisatoriske endringar i vegsektoren etter at veglova vart vedteke i 1963. Gjeldande veglov er ikkje heilskapleg revidert etter at desse endringane vart vedtekne. Vi ser mellom anna behov for å tydeleggjere roller og ansvar i vegsektoren. Vi må òg fornye lova til dagens lovgjevingsstandard og i tråd med samfunns- og teknologiutviklinga, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Veglova regulerer planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar. Vidare skal veglova sørgje for å vareta mellom anna trafikktryggleik og framkomme.

– Vi må sjå veglova i eit samfunnsperspektiv. Den skal ta omsyn til grunnleggande menneskerettigheiter, innovasjon, samfunnsikkerheit og beredskap, samt klima og miljø. Veglova har derfor stor samfunnsmessig betydning og rører ved både enkeltmenneske, næringslivet vårt og viktige samfunnsfunksjonar. For å sikre eit oppdatert lovverk som er i tråd med samfunnsutviklinga er det no på tide med ein revisjon av veglova, seier Nygård.

Utvalet sine oppgåver

Utvalet skal gjere ein heilskapleg gjennomgang og utarbeide eit fullstendig forslag til ny veglov. Utvalet skal òg anbefale ein samla struktur for heile veglovgjevinga. Ny veglov skal vareta samfunnets behov for eit forståeleg og framtidsretta regelverk. Den skal òg støtte opp under effektiv bruk av samfunnets ressursar, god framkomme, trafikktryggleik, samfunnsikkerheit, klima og miljø.

Utvalet skal levere ein NOU innan utgangen av april 2028. Arbeidet startar opp i september i år.

Utvalets samansetning

– Vi set ned eit breitt samansett utval med elleve medlemmer som har kompetanse frå ulike fagfelt og god geografisk spreiing. Eg har tiltru til at dei vil levere godt på det mandatet dei er gitt, seier Nygård.

Utvalet har juridisk kompetanse innan mellom anna forvaltningsrett, lovgjevingslære, veglova, plan- og byggingsrett, EØS-rett med meir. Medlemmer har òg kompetanse innan vegsektoren, fylkeskommunal sektor, økonomi, teknologi og data, miljø og klima, samfunnsikring og beredskap, militær mobilitet, det digitale vegnettet med meir. Til saman vil dei dekkje dei emna som inngår i mandatet, og eg ser fram til å sjå resultatet av dette viktige arbeidet.

Utvalet skal leiast av førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, Jon Christian Fløysvik Nordrum.

Utvalets medlemmer

  • Førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum, Drammen (leiar)
  • Professor Vigdis Vandvik, Bergen
  • Advokat Chirsti Erichsen Hurlen, Oslo
  • Prosjektleiar Gro Holst Volden, Trondheim
  • Avdelingsleiar Øyvind Strømseth, Tromsø
  • Senior prosjektleiar Lone-Eirin Lervåg, Trondheim
  • Sivilingeniør Einar Lunde, Lindesnes
  • Juridisk sjef Bente Mari Nilssen, Oslo
  • Direktør Tone Margrethe Oppedal, Sogndal
  • Kommunikasjonssjef Trond Erik Thorvaldsen, Moss (foreslått av LO)

Direktør Stein Windfeldt, Tromsø (foreslått av NHO)

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS