Pressemelding
Regjeringa kutter i virkemiddel for næringslivet i hele landet
– Arbeiderpartiet snakkar varmt om effektivisering, og svarar med kutt som løysing. Det er ikkje slik vi byggjer norsk næringsliv, seier Geir Pollestad (Sp).
I regjeringas forslag til statsbudsjett blir det snakka varmt om «effektivisering av virkemiddelapparatet». I praksis legg dei opp til kutt i ordningane som skal hjelpe bedrifter med å skape arbeidsplassar, eksport og innovasjon.
– Dette er ikkje effektivisering, det er svekking. Når staten reduserer støtta til næringsutvikling, innovasjon og eksport, er det distriktsbedriftene som får svi først. Det er dei små og mellomstore verksemdene som treng verkemiddelapparatet mest, seier Pollestad.
Han peikar på at ordningane under både Innovasjon Norge og Siva er avgjerande for å få fram nye bedrifter og teknologi i heile landet.
– Vi må ha eit verkemiddelapparat som byggjer opp under lokale initiativ, ikkje eit som blir svekka og nedskalert. Senterpartiet vil styrke ordningane som gjer at folk kan skape arbeidsplassar der dei bur, ikkje kutte dei ned, seier Pollestad.