Pressemelding
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket
Blodspor, ei spesiallaga framsyning frå Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket laurdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og norsk migrasjon til Sápmi blir publikum inviterte til å ta del i rom som for høvet er gjorde om til Sápmi, USA … og framtida.
– Framsyninga vil gi ei ny og annleis form for historieformidling. Her kan publikum sjølve delta aktivt i ein ukjend, men viktig del av kulturhistoria, seier Eirik Kydland, leiar for redaksjonell formidling ved Nasjonalbiblioteket.
Publikumsopplevinga står i sentrum, og anten ein deltek fysisk eller digitalt, vil kvelden by på overraskingar.
– Vi bruker personlege historier for å undersøkje større samfunnsspørsmål, som kultur, identitet og genetikk, saman med publikum, fortel Kristina Junttila frå Ferske Scener.
Samisk utvandring til USA og norsk migrasjon til Sápmi
Samar var blant dei mange som drog til Amerika under den store utvandringa mellom 1825 og 1930, ofte til område som var busette av amerikanske urfolk. Samane blei ikkje registrerte som eiga gruppe i migrasjonsdokumenta, men ein reknar med at det i dag finst mellom 30 000 og 70 000 «Sámericans».
Lite kjent er migrasjonen frå Sør-Noreg til Sápmi tidleg på 1800-talet. Som eit motstykke til utvandringa, og for å styrkje grenseområda, blei mange nordmenn oppmoda om å flytte nordover. Dei fekk ofte tilbod om rimelege jordeigedomar i område der samar hadde tradisjonelle reindriftsbeite og tilgang til naturressursar.
Medverkande og program for kvelden
Medverkande er Sigbjørn Skåden, Kristin Bjørn, Kristina Junttila og Bernt Bjørn, med gjesteartistane Nils Peder Andersen Gaup og Charlotte Bendiks.
Etter framsyninga inviterer Nasjonalbiblioteket til immigrantfest med DJ Charlotte Bendiks og Peder Niilas Tårnevik.
Blodspor er ei utgåve av Ferske Scener-konseptet Blodklubb, «klubben for alle som har blod». Blodspor er produsert av Ferske Scener på oppdrag frå Nasjonalbiblioteket og inngår i markeringa av 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika.
Framsyninga er støtta av Kulturrådet.
Tid, stad og billettar
Blodspor blir spela i Nasjonalbiblioteket laurdag 29. november kl. 19–21. Alle billettar til fysisk deltaking er henta ut, men ein får òg ei fullverdig oppleving ved å delta digitalt. Det er framleis nokre få billettar igjen til den digitale delen av framsyninga, som òg er tilgjengeleg utanfor huset.
Mat og drikke?
I samband med arrangementet, serverer Bakgården kantine ved Credo blodklubb frå kl. 16–19. Bestill middag på førehand her (kr. 250,- + avgift).
I Nasjonalbibliotekbaren blir det servering av blodpudding og lefse som snacks.



















