Pressemelding

Kulturdirektoratet - 04.02.2026

Janne Stang Dahl er ny avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling i Kulturdirektoratet

Ho har brei leiarerfaring frå offentleg forvaltning og ser fram til å komme tilbake til kultursektoren. 

– Eg er veldig glad og takksam for tilliten, og går inn i rolla med stor entusiasme. Samfunnet treng eit rikt kulturliv, og eg har djup respekt for Kulturdirektoratet og dei uavhengige organa sitt oppdrag. I ei uroleg tid er det viktigare enn nokon gong å verne om eit fritt og uavhengig kunst- og kulturliv. Saman med mange bra folk skal eg gjere mitt beste for det, seier Janne Stang Dahl.

Dahl er utdanna samfunnsvitar. Ho har brei leiarerfaring frå statleg forvaltning og kultursektoren, mellom anna i Datatilsynet og Kulturdirektoratet (tidlegare Kulturrådet). Ho har også vært leiar for nasjonale kunstorganisasjonar.

Vil styrkje openheit og tillit i forvaltninga

Dahl ser med stor interesse på den offentlege debatten om kunsten og kulturen sin plass i samfunnet. Ho ser fram til å jobbe for openheit og kvalitet i tilskotsforvaltninga.

– Kulturdirektoratet forvaltar store midlar og eit viktig kulturpolitisk ansvar, og det er bra at søkjelyset er retta mot oss. Den offentlege debatten om tilskotsforvaltning og rolla til kunsten er viktig, og eg vil gjere mitt beste for å synleggjere korleis vi jobbar og kva effekt vi skaper. Krava til forvaltninga er høge, og for å sikre tillit må vi levere openheit, effektivitet, likebehandling og kvalitet.

Strand: – Ein svært kvalifisert leiar

Påtroppande direktør i Kulturdirektoratet Øystein Strand er glad for å få Janne Stang Dahl med i Kulturdirektoratet si leiargruppe.

– Janne si breie leiarerfaring og kompetanse frå ulike delar av statsforvaltninga vil vere svært verdifull for Kulturdirektoratet. Erfaringa hennar frå å vere heilt i frontlinja for den digitale utviklinga i samfunnet i Datatilsynet, kombinert med djup forståing og engasjement for kunst- og kulturlivet, gjer henne svært godt kvalifisert for oppgåvene som ligg framfor oss i Kulturdirektoratet. Eg ønskjer henne hjarteleg velkommen tilbake til kultursektoren og ser fram til samarbeidet.

Dahl tiltrer stillinga etter nærare avtale.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS