Regjeringa har vedteke å etablere eit nytt nasjonalt senter for yrkesfag for å bidra til å vidareutvikle og styrkje fag- og yrkesopplæringa, slik at opplæringa er i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.
– Noreg har behov for langt fleire fagarbeidarar for å løyse utfordringar i samfunnet. Det nye senteret skal vere ein kunnskapsbase for fag- og yrkesopplæringa, og vi er glade for å ha fått på plass Konrad Lillevevang til å leie arbeidet med å etablere dette viktige nye tilskotet til direktoratet, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Morten Rosenkvist.
Lillevevang kjem frå stillinga som dagleg leiar for den tverrindustriselle næringsklynga NCE iKuben. Han har lang leiarerfaring og bakgrunn innanfor offentleg og privat sektor, og har mellom anna vore seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, sals- og marknadsansvarleg i Brocon Cash Management og sales manager i Bring Logistikk.
Lansering i Arendal
Senteret opnar i Molde i august 2025 og skal vere i normal drift frå 2026. Konrad Lillevevang startar i stillinga under Arendalsuka 2025, der han skal delta i eit felles arrangement mellom LO, NHO og Utdanningsdirektoratet om det nye nasjonale senteret for yrkesfag.
Lillevevang ser fram til å ta fatt på oppgåvene i si nye rolle.
– Å utdanne fleire fagarbeidarar er ei nøkkeloppgåve for å sikre at vi som samfunn kan løyse dei oppgåvene vi står overfor dei neste tiåra. Eg ser fram til å bidra med å bygge opp det nasjonale senteret, samarbeide med sentrale partar og å bidra til å utvikle fagopplæringa i Noreg, seier Lillevevang.
Om nasjonalt senter for yrkesfag
Senteret skal:
- styrkje kvalitets- og utviklingsarbeidet i fag- og yrkesopplæringa i heile det yrkesfaglege utdanningsløpet, og bidra med kunnskap til relevante avgjerdsorgan på alle nivå.
- bidra til å få fleire til å gjennomføre ei yrkesfagleg utdanning, og utvikle framifrå yrkeskompetanse gjennom styrkt kopling opp mot arbeidslivet.
- kartleggje lokale, regionale og bransjevise utviklingstrekk.
- vere ein kunnskapsbase for fag- og yrkesopplæring, og bidra til å utvikle yrkesfaga i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.
- opprette eit nytt råd som skal gje anbefalingar om senterets oppgåver og prioriteringar.
|