Pressemelding

UiT Norges arktiske universitet - 04.03.2026

Gjer deg klar for Kjønnsbevisstheitsveka!

Frå 7. til 14. mars set vi kjønn og mangfald på agendaen med blant anna film, spel og lydvandring.

Kvart år i mars markerer vi Kjønnsbevissheitsveka ved UiT. Då sett vi søkjelys på korleis kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk utspeler seg i samfunnet.  

– Kjønn og mangfald er noko vi jobbar med kvar dag. Men under Kjønnsbevisstheisveka får vi verkeleg løfta fram den store variasjonen i det vi gjer – både innan utdanning, forsking og formidling, seier Rikke Gürgens Gjærum. 

Som prorektor for utdanning er ho oppteken av at alle skal møtast med respekt. 

– Universitetet skal vere ein stad der alle kan kjenne seg trygge, verdsette og frie til å vere seg sjølve.

– Anten du er student eller tilsett, skal du møtast med respekt, openheit og toleranse, seier ho.

Inviterer til rollespel og faglege djupdykk 

Christina Lentz og kollegaer ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking kan freista med mange spennande opplevingar i løpet av veka.  

– Vi byr på alt frå lydvandring til rollespel. Det blir faglege djupdykk i korleis kjønn speler ei rolle i idrett, helse og friluftsliv, og vi utforskar kjønn i litteratur og musikk, seier ho.   

– Her er noko for alle, og startskotet går laurdag 7. mars. 

Sjå heile programmet. 

Økonomi og KI for dei unge 

Gjærum trekk spesielt fram arrangementa for dei unge. Gender UNIcorner på Åpen dag er eit av dei. 

– Da får elevar frå vidaregåande skole lære korleis kjønnsforsking handlar om tema dei er opptatt av – som pengar, kropp og KI.  

– Det gler vi oss til, seier ho.   

Søk årsstudium i likestilling og kjønn innan innan 15. april. 

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS