Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 08.11.2021

Foreslår å reversere kutt i stønadsordning til godsoverføring frå veg til bane

– Hurdalsplattforma er klar på at regjeringa vil overføre meir gods frå veg til jernbane. Vi foreslår difor å reversere kuttet i tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til bane i den førre regjeringas budsjettforslag for neste år. Det er meir klimavenleg å køyre gods på jernbane enn på veg, og difor er denne ordninga viktig. Reverseringa bidrar òg til å gi godsnæringa på bane føreseielege rammevilkår, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Foto: Olav Heggø

Reverseringa betyr at regjeringa foreslår å auke løyvinga til godsoverføringsordninga med 10,3 millionar kroner, til 92,3 millionar kroner, samanlikna med statsbudsjettforslaget til den førre regjeringa.  

Godstransport på jernbane har hatt ein krevjande periode sidan toppåret i 2008. Det er i dag hard konkurranse frå lastebilnæringa. Godsnæringa på bane har òg opplevd at driftsstabiliteten i jernbaneinfrastrukturen ikkje har vore tilfredsstillande.  

Målet med tilskotsordninga er å bidra til at fleire verksemder vel å sende gods på jernbana, og at miljøfordelane ved dette blir betre reflektert i marknadsprisen samanlikna med å frakte gods på veg.

For fleire opplysningar - sjå:

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS