Pressemelding

Nærings- og fiskeridepartementet - 23.02.2026

Fiskeri- og havministeren til London

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss er i London tysdag 24. februar og onsdag 25. februar. Ho skal dele ut pris når britane feirar nasjonalretten sin under National Fish & Chip Awards. Næss skal også ha politiske samtalar om fiskeri og sjøfart med britiske juniorministrar, og møte norske og britiske sjømatbedrifter.

– Storbritannia er eit av dei viktigaste marknadene for sjømatnæringa vår. Kvar fjerde britiske porsjon med fish and chips er laga av norsk torsk eller hyse. Storbritannia er dessutan ein svært viktig marknad for den maritime næringa. Eg er oppteken av å vere til stades og fremje havnæringane våre på arenaer som er viktige for Noreg, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Etter Brexit har Storbritannia stramma inn visumreglane for utanlandske sjøfolk som arbeider innanfor 12 nautiske mil. Endringane har fått konsekvensar for norske sjøfolk og reiarlag som opererer i britisk farvatn. Fiskeri- og havministeren vil ta opp temaet i møta i London.

– Både Noreg og Storbritannia har interesse av gode og føreseielege rammevilkår for maritim aktivitet. Når eg tek dette opp med dei britiske kollegaene mine, handlar det om å følgje opp norske interesser gjennom tett og konstruktiv dialog, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Program tysdag 24. februar

13:30-17:00 Norway UK Seafood Summit

14:35 Bli-kjent-møte med stjernekokken Michel Roux jr.

17:00 Mottaking i regi av Noregs Sjømatråd

 Program onsdag 25. februar

10:00 Møte med Dame Angela Eagle, statssekretær i DEFRA, med ansvar for fiskeri og sjømat

12:00 Møte med Keir Mather, statssekretær i Department of Transport, med ansvar for sjøfart 

13:00-16-00 National Fish and Chip Awards

Med atterhald om endringar

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS