Pressemelding
7 nye leiarar til UiT
Styret ved UiT Norergs arktiske universitet bestemde i dag kven som skal få tilbod om ei rekkje leiarstillingar ved UiT.
Styret ved UiT Noregs arktiske universitet vedtok i dag tilsettingar for 2 viserektorar, 6 dekanar og ein direktør. Alle dei nye leiarane er tilbydd stillingane som åremål i fire år, frå 1.1.2026 til 31.12.2029.
Her er dei nye leiarane:
Viserektorar
Bente Haug: viserektor for region og samfunn
Jonas Stein: viserektor for formidling
Dekanar og direktørar
Gunbjørg Svineng: dekan ved Det helsevitskaplege fakultet (Helsefak).
Kristine H. Korsnes: dekan ved Det juridiske fakultet (Jurfak).
Vidar Sørum: dekan ved Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak).
Anne Britt Flemmen: dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak).
Bjørn R. Sørensen: dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-fak).
Bjørn-Morten Batalden: dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak).
Lena Aarekol: direktør ved Noregs arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK).