Pressemelding

Rebecca Riise, sentralstyremedlem i Senterungdommen - 01.07.2009

Grøne idèar i krisetider

Senterpartiet har valgt tre hovudsaker i årets valkamp. Eit grønare næringsliv, grøn samferdsel og skule og omsorg der du bur. Hadde dette berre vore valkampstrategi hadde vi nok valgt mykje meire fengande saker, men i disse ”krisetider har me ikkje råd til å vere populistiske.
Me har ei finanskrise, ei klimakrise og i samband med den ei matvarekrise, og desse må me ta innover oss og gjere det beste me kan ut av. Arbeidsløysa stig i landet, og den kjem til å stige meir. Det skal store strukturelle endringar til for å møte finanskrisa på ein måte som gjer at færrast mogleg vert råka. Og her kjem eit grønar næringsliv inn. Me meiner bestemt at ei omstilling til grøne arbeidsplassar er vegen og gå. Senterpartiet vil at Noreg skal gjere sin del i kampen mot klimakrisa og vil me skal vere klimanøytrale innan 2030. Dette kan berre gjerast gjennom ei kjempeomlegging. 70 prosent av klimagassutsleppa globalt kjem frå energiproduksjon og energibruk. For denne omlegginga trengst det arbeidskraft. Arbeidskraft som no vært ledig grunna finanskrisa. Det har dermed aldri vore nokon betre grunn til å satse på grøn energi enn no, noko som vil vere med på å gjere Noreg til det lågutsleppssamfunnet me ynskjer å vere.
Senterpartiet har fått overlevert ein fornybarrapport som viser et gjennom å auka støtte på ca 8 mrd vil me kunne dekke nesten 20% av Noregs energibehov, noko som igjen vil gi 10 000 nye arbeidsplassar. Når Senterpartiet går i forhandlingar om Soria Moria II kjem altså ei omlegging frå fossil til fornybar energi stå på topp på prioriteringslista. Lønnsomheita for dei som bygger ut av ny fornybar energi som vind, vatn og bioenergi må opp. Samtidig som det må satsast stort innan forsking på energiomlegging frå fossilt til fornybart. Senterpartiet vil møte klimakrisa med finanskrisa, og slår på den måten to fluger i ein smekk.
Ein effekt av klimakrisa er matvarekrisa. Talet på svoltne i verden har auka med 250 millionar. Slik det er i dag, importerer rike og ressurssterke land frå fattige land der befolkninga svelt. Dette er ikkje rett, og Senterpartiet meiner difor at Noreg, som eit av verdens rikaste land er forplikta til å produsere mat sjølve. For å fø ei fortsatt veksande befolkning i verden må matproduksjonen aukast kontinuerlig, også her heime. I Noreg vil me derfor legge til rette for matproduksjon i heile landet og etablere eit lovmessig vern for å ta vare på den mest verdifulle matjorda. Samtidig vil me auke landbruksbistaden i u-land.
Senterpartiet tenkjer proaktivt i krisetider, og vil vere ein ambassadør for dei gode løysingane også i neste stortingsperiode. Med Senterpartiet i regjering skal vi saman gå lysare tider i møte.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS