Pressemelding

Marianne Granheim Trøyflat internasjonal leiar i Senterungdomen - 01.09.2009

Grøn framtid

Steinalderen tok ikkje slutt fordi det ikkje var meir stein. Han tok slutt fordi menneska oppdaga andre og meir framtidsretta måtar å gjera ting på. På same måte er det med oljealderen. Han er i ferd med å renne ut, og vi må tenkje kjapt. Den globale oppvarminga er i gang, og tørke, tap av jord og matmangel og er allereie akutte problem verda over.
Noreg har gjort seg søkkrik på å ureine kloden vår, og Senterpartiet meiner det er på tide å gjera opp for seg. Den raud-grøne regjeringa har hatt ei storstil satsing på fornybar energi. Vi har oppretta 8 nye forskingssenter for fornybar energi, vi har satsa målretta på oppretting av studieplassar innan teknologifag og vi har fått til eit grunnfond på 20 milliardar til tiltak for energieffektivisering og fornybare energiløysingar. Dette fondet vil Senterpartiet auke med ytterlegare 10 milliardar innan 2012.
Det er også satt av 1,1 milliard til byggin
g av vindmøller. Prosjektet har teke tid fordi det er fleire omsyn å ta. Skal ein leggje om til eit heilskapleg fornybart samfunn, må ein forankre løysingane i lokalsamfunna, og ein må sikre at natur- og dyreliv ikkje tek alvorleg skade i prosessen. Det er no vedteke bygging av 61 vindmøller i Nordland, Troms og Rogaland, og den samla energiproduksjonen vil bli nok til å dekke årleg straumforbruk for 23000 norske husstandar.

Senterpartiet seier blant nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Ved å heller satse på fornybare energikjelder, vil vi både ha eit langt meir framtidsretta næringsliv og ein sjanse til å redde klimaet. Dei internasjonale klimaforhandlingane i København i desember vil vera avgjerande i kampen mot global oppvarming. Utanfor EU kan Noreg spela ei sjølvstendig rolle og gå føre å vise at rike land er viljuge til å ta den tyngste delen av klimakutta. Noreg si sjølvstendige stemme vil bli enda meir verd om du 14.september røystar på eit parti som har vist evne til å ta klimautfordringane på alvor. Stem Senterpartiet!
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS