Pressemelding

Liv Signe Navarsete, nestleiar i Senterpartiet - 06.09.2005

- Gratis ferjebilettar med Senterpartiet

- Senterpartiet vil gjere bruken av riksvegferjer gratis. Riksveiferjene er å rekne som ein del av vegnettet og bør derfor i prinsippet vera gratis, slik dei er det i Finland og Sverige, seier Liv Signe Navarsete, nestleiar i Senterpartiet.

- Som ein del av ein aksjon langs heile kysten vil Senterpartiet i Sogn og Fjordane markere dette på Mannheller ferjekai tysdag 6. september kl. 10:00. Vi vil visualisere dette forslaget gjennom å betale ferjebilletten for alle reisande på avgangen frå Manheller kl. 10:30, seier Liv Signe Navarsete, som også er fyrstekandidat i Sogn og Fjordane for Senterpartiet.

- Gode kommunikasjonar er grunnleggjande for busetjing og næringsliv. Det er eit offentleg ansvar å sikre ein godt utbygd infrastruktur i heile landet. Ein infrastruktur som legg tilhøva til rette for næringsaktivitet og variert busetjing. Samfunnet må ta ansvar for å ha eit godt utbygt kollektivtilbod i heile landet. Både sjø og luftvegen er viktig for å oppnå dette. Senterpartiet vil også auke ferjefrekvensane, få eit nattope stamvegnett og opna for å bruke midlar frå ferjeavløysingsprosjekt til delfinansiering av vegprosjekt i distrikta, sier Navarsete.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS