Pressemelding

Husbanken - 21.06.2021

Forslag om nytt tilskot til tryggleiksbustader

Regjeringa ønskjer fleire tryggleiksbustader for eldre i distrikta, og foreslår ei ny tilskotsordning for slike bustader. Forslaget som er ute på høyring no går ut på å teste ut å bruke investeringstilskot til tryggleiksbustader for eldre over 65 år.

Gjennom å bruke investeringstilskotet på nye måtar, kan kommunane skaffe fleir tryggleiksbustader for eldre over 65 år. Investeringstilskotet finansierer vanlegvis omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Så kva skil ein tryggleiksbustad frå ein omsorgsbustad?

Kva er ein tryggleiksbustad?

Ein tryggleiksbustad er ein tilrettelagd bustad med livslaupstandard, felles opphaldsareal og sentral plassering med nærleik til service- og kulturtilbod. Forslaget legg dessutan opp til at bustadene skal ha ein vert til stades i fellesareala. Verten skal bidra til felles aktivitet for bebuarane. Tryggleiksbustaden legg til rette for at personar kan bu der gjennom heile livet og klare seg sjølve så mykje som mogleg, uavhengig av funksjonsnivå.

Tanken er at bebuarane kan bli ein del av eit fellesskap, slik at dei blir mindre einsame.

Tilskotet skal stimulere kommunar og burettslag til å auke tilbodet av tryggleiksbustader til eldre i distrikta. Tilskotet kan bli gitt til både bygging, kjøp, leige og ombygging av tryggleiksbustader med felles opphaldsareal, ifølge forslaget som helse- og omsorgsdepartementet har ute på høyring i desse dagar. 

Les heile høyringsforslaget om tryggleiksbustader på regjeringen.no

Kva skil ein tryggleiksbustad frå ein omsorgsbustad?

Tryggleiksbustaden skil seg frå omsorgsbustaden på fleire måtar. Omsorgsbustaden skal vere universelt utforma og tilrettelagt for å yte heildøgns omsorgstenester i bustaden. Omsorgsbustaden er meint for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester, mens tryggleiksbustader skal være tilbod på eit tidlegare stadium, før behovet for heildøgns helse- og omsorgstenester oppstår.

Investeringstilskot kan bli gitt til omsorgsbustader over heile landet, mens tilskot til tryggleiksbustader berre skal gå til kommunar i klasse 5 og 6 i SSB sin sentralitetsindeks, ifølgje forslaget.

En tryggleiksbustad kan vere eit godt tilbod for eldre som bur i ein lite eigna bustad, eller der bustaden ligg langt unna sentrumsfunksjonar og servicetilbod. Tanken er at dette vil bidra til at fleire eldre kan klare seg lengre sjølv i sin eigen heim, og til å utsetje behovet for omsorgstenester og/eller redusere behovet for omsorgsbustad eller sjukeheimsplass.

Frist for å svare på høyringa er 18. august 2021.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS