Pressemelding

Nærings- og fiskeridepartementet - 02.05.2019

Fiskeriministeren til verdas største sjømatmesse

Fiskeriminister Harald T. Nesvik reiser til Brussel tysdag 7. og onsdag 8. mai for å møte norske verksemder og internasjonale kollegaer på sjømatmessa Seafood Expo Global.

– Norsk sjømatnæring er i sterk vekst og 2018 var nok eit rekordår for sjømateksporten. God marknadsåtgang og godt marknadsarbeid frå sjømatbedriftene er difor viktig for Noreg, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Sjømatmessa i Brussel er verdas største, og i år er det venta over 28.000 besøkande. Til saman møtes representantar frå meir enn 75 land, og om lag 90 norske verksemder vil vere til stades.

– Dette er ein viktig arena for sjømatnæringa, og Noreg er godt representert på messa. Vi eksporterer ikkje berre sjømat, men óg teknologi og utstyr til ein fiskeri- og havbrukssektor i vekst.

I tillegg til å besøke messa skal Nesvik møte Karmenu Vella, EU-kommisær for miljø, maritime saker og fiskeri, samt Islands fiskeriminister.

– Europa er vår viktigaste markand og EØS-avtalen er garantisten for åtgang til den europeiske marknaden, seier Nesvik.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS