Pressemelding

Jenny Klinge, fyrstekandidat for Møre og Romsdal Senterparti - 30.06.2009

Dyrt, dårleg og distriktsfiendtleg!

- Postdirektivet er dyrt, dårleg og distriktsfiendtleg, slår Jenny Klinge fast.

Det raudgrøne fleirtalet i Stortinget gjorde etter valet i 2005 om på vedtaket om ei framleis liberalisering av posttenestene: Full konkurranseutsetting av brev under 50 gram vart reversert. Det tredje postdirektivet vart vedteke av EU-parlamentet 20. februar i år. Frist for endeleg frislepp av posttenestene er sett til 1. januar 2011.

- Senterpartiet er grunnleggjande tilhengar av prinsippa om einingsportoen på brev og postombering like mange dagar uavhengig av kvar ein bur i vårt langstrakte land. Posten skal òg i framtida eigast av det offentlege og syta for gode posttenester i heile landet vårt, held Klinge fram.

I dei fleste land som alt har oppheva monopolet på brev under 50 gram i Europa ser ein vedvarande press frå dei nye konkurrentane om lågare løn og dårlegare arbeidsvilkår. Det går føre seg stadig meir bruk av deltidstilsette og korttidstilsette.

-Senterpartiet er imot EU-direktiv som medfører ei utvikling der arbeidstakarar får dårlegare vilkår. På same måten som vi kjempa imot tenestedirektivet fordi dette svekkar arbeidstakarane sine vilkår, arbeider vi difor for at det skal leggjast ned veto mot posttenestedirektivet.
Klinge har merka seg Posten sjølv ønskjer full konkurranseutsetjing av brev under 50 gram.
- Eg registrerer at leiinga i Posten Norge ønskjer det tredje postdirektivet velkomen. Posten Norge må etter mi meining heller konsentrera seg om å driva verksemda si godt og med god kundetilfredsemd framfor å opptre som ein politisk aktør, er klar tale frå Klinge.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS