Pressemelding

Senterungdomen - 13.07.2009

Barack Obama – ein kald fisk

- Skremmande at den mektigaste politikaren i verda trur matvarekrisa kan løysast ved å lære fattige menn å fiske, seier internasjonal leiar i Senterungdomen, Marianne Granheim Trøyflat.
I samband med G8-møtet denne veka legg Barack Obama vekt på at jorda i fattige land må brukast meir effektivt.
Samstundes er USA i WTO er blant dei aller mest aggressive pådrivarane for at u-landa skal opne marknadene sine. Tvangsopning av sårbare marknader er ein sikker veg til vedvarande fattigdom og svolt, meiner Trøyflat.
Auka matvareprisar på verdsmarknaden er ei av hovudårsakane til at svolten har auka siste året.
Større satsing på jordbruksbistand frå G8 er isolert sett veldig positivt, da dette er ei svært effektiv form for bistand. Senterungdomen vil at det skal satsast betydeleg meir på jordbruksbistand. Men det er ein føresetnad at fattige land samstundes får høve til å verne sin eigen matproduksjon. Det er den beste garantien og medisinen mot svolt.
- Vi har nok mat i verda, men manglar eit system for å fordele han. I 2009 er det heilt uakseptabelt. Det er dette G8 burde sett fokus på, seier internasjonal leiar i Senterungdomen.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS