Pressemelding

Magnhild Meltveit Kleppa,Sp - 17.02.2005

Uhøyrt at kommunane sjølv må betala

Uhøyrt at kommunane sjølv må betala delar av den supplerande stønaden til eldre innvandrarar



Av Magnhild Meltveit Kleppa (Senterpartiet):



Eg er svært fornøgd med at eit breitt fleirtal no støttar opp om Regjeringa sitt framlegg til ei økonomisk stønadsordning for eldre med for kort butid i Noreg til full opptening i Folketrygda, seier saksordførar Magnhild Meltveit Kleppa, Senterpartiet.

Dette er ei sak som inneber at nokre eldre nordmenn som har budd utanfor landet og som ikkje klarer seg sjølv, slepp å be om sosialhjelp over lang tid. Dei såkalla Kola-nordmennene, som vart invitert tilbake til Noreg for fleire år sidan, er sikra ei meir føreseieleg minsteinntekt. Det same er eldre innvandrarar med kort butid i Noreg.

Senterpartiet tok initiativ til ei slik ordning i Utjamningsmeldinga i 1999 . Det er såleis på høg tid at ei slik lov kjem på plass. Den einskilde som har behov for ein slik stønad, må søkja for eitt år om gongen ved personleg frammøte på det lokale trygdekontoret. Vedtaket i Stortinget vert gjort 17.mars og lova skal tre i kraft frå 1.januar 2006. Nivået er på linje med dagens minstepensjon. Alle parti, unnateke Framstegspartiet, står bak innstillinga frå Stortingets kommunalkomite. Ordninga vil innebera ein årleg kostnad på om lag 150 mill.kr. Ap, Sv og Sp meiner staten skal ta desse kostnadene, det er uhøyrt av Regjeringa å be kommunane betala størstedelen av rekninga, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS