Pressemelding

Marianne Granheim Trøyflat, Medlem av politisk utval i Senterungdommen - 04.04.2006

Stopp tenestedirektivet

EU har som mål i å bli den mest konkurransedyktige økonomien i verda innan 2010. For å nå dette målet er det naudsynt å sikre ein mest muleg fri flyt av alt som kan seljast og kjøpast for pengar. Til no har handelen med tenester vore avgrensa. Årsaka er hovudsakleg at ulike land har ulike standardar for arbeidsvilkår. Ikkje minst fordi kostnadsnivået varierer. Særleg med innlemming av aust-europiske land i unionen, har denne variasjonen vorte tydeleg. Agendaen til EU er å oppheve flest muleg av slike reguleringar. Dette har resultert i eit tenestedirektiv, som no er under handsamling i EU sine organ.



I starten av prosessen innebar tenestedirektivet ”opprinnelseslandsprinsippet”. Det gjekk ut på at reglane for arbeidsvilkår skulle vera slik opphavslandet foreskreiv, ikkje det vertslandet la til grunn. Altså ville eit selskap registert i Polen fritt kunne sende tilsatte til Noreg, på polske løns- og arbeidsvilkår. Både polske og norske arbeidarrettar ville bli satt under sterkt press, og sosial dumping ville vorte den uungåelege konsekvensen.



Ordlyden frå dette prinsippet er no take ut. Likevel er det stor grunn til uroing. For det første har ein ikkje presisert at vertslandet sine løns- og arbeidsvilkår faktisk skal gjelde. For det andre, finst det framleis mange uklare formuleringar i tenestedirektivet. Det blir da opp til EF-domstolen å avgjera tvilstilfelle. EF-domstolen har ei lang historie med å tolke i marknadsliberalistisk retning.





Det er dessutan andre uheldige konsekvensar, som direkte framgår av tenestedirektivet. Ein slår mellom anna fast, at rekommunalisering blir så å seia umuleg. Det vil seia at er ein sektor først konkurranseutsatt, vil det bli svært vanskeleg å ta tilbake det offentlege sin styringsrett. Kravet er at ein må søke EU-komisjonen om tillating. Ein kommisjon, som har som si fremste oppgåve, å sikre at minst muleg av økonomien er under fellesskapet sin kontroll.





Noreg vil gjennom EØS måtte ta stilling til dette direktivet. Senterungdommen vil at regjeringa no nyttar reservasjonsretten. Sosial dumping strir mot alt det dei raudgrøne står for. Ungdom er dessutan av dei gruppene som blir hardast råka, da dei har minst røynsle og rettar på arbeidsmarkaden frå før. Ei sterkare liberalisering av tenestesektoren er også noko Sp, SV og Ap har gått til val på å hindre. Om politikarane ikkje kan garantere at sosial dumping og ytterlegare privatisering blir resultatet, har dei ikkje andre val enn å leggje ned veto mot tenestedirektivet!





Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS