Pressemelding

Liv Kari Eskeland, medlem i energi-og miljøkomiteen (H) - 15.05.2019

Regjeringa vil gjera hurtigbåtane utsleppsfrie

Transportsektoren står for 60% av alle utslepp for områder som ikkje er omfatta av klimakvoter. Vi gjer allereie mykje på el-bil satsing, på kollektiv og på å lage eit betre vegnett som sikrar god og effektiv transport. Vi har også gjort mykje for å få ferjer over på elektrisitet, og kvar månad dukker det opp nye ferjesamband som går på fornybar elektrisk straum.

 

Men på eitt område har vi framleis ein jobb framom oss. Det er på hurtigbåtsektoren. På dette området slepp vi ut fleire gonger meir CO2 pr tilbakelagt passasjerkilometer enn det kvar flypassasjer gjer.

 

Dette har vi lenge hatt eit ønskje om å gjera noko med. Teknisk byrjar brikkene no å falle på plass, og difor ønskjer regjeringa gjennom stimuleringa Klimasats å etablere ei øyremerka satsing på låg-og utsleppsfrie hurtigbåtar. Vår ambisjon er å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030, og då må alle fartyskategoriar delta i dugnaden. Dette vil også kome klart fram i handlingsplanen for grøn skipsfart som snart vert lagt fram. Heile 25 millionar er sett av til ordninga øyremerka hurtigbåtar.

 

Offentlege anbodsprosessar skal gå føre og vise veg. Det er fylkeskommunane som har ansvar for innkjøp av hurtigbåttenester. Gjennom denne satsinga er dei no klar for å kunne sette krav til dei anboda som ho er under oppsegling. Dette gjeld for heile kyststripa vår, frå Finmark i nord, til Agder i sør.

 

Satsinga legg også grunnlag for å få fram teknologiar med eksempelvis hydrogen som energiberar, noko som kan vera grunnlag for næringsutvikling for hydrogen- produksjon, -distribusjon og tekniske løysingar. Uavhengig av teknologi som vert valt, vil det demonstrere Noreg sin overlegne maritime kompetanse, der våre innovasjonsmiljø kan vise at vi ligg på verdstoppen innan løysingar for null og lågutslepp innan maritim sektor.

 

Den posisjonen er det viktig at vi støttar opp kring, og slik sett er satsinga eit lite kinderegg: Betre miljø, teknologiutvikling og arbeidsplassar i ein og samme pakke.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS