Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 22.05.2019

Ny Nasjonal transportplan i arbeid: Trøndelag og Møre og Romsdal har no spelt inn sine viktigaste utfordringar

Arbeidet med NTP 2022-2033 er i gang. I møte tysdag med samferdselsminister Jon Georg Dale, la Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar og Trondheim kommune fram kva for transportutfordringar dei meiner er dei aller viktigast i sine regionar.

Foto: Tor Livius Midtbø/SD

- Transportplanen som vi arbeider med, får ei heilt anna innretning enn transportplanane vi har bak oss. Vi skal bort frå å tenkje einskilde prosjekt. No skal vi få fram kva for oppgåver vi vil at transportinfrastrukturen skal løyse for oss. Det vil gje oss betre resultat og meir for pengane, seier samferdselsminister Dale.

I det første av i alt fem regionale møte med fylkeskommunar og storbykommunar, la samferdselsministeren vekt på at den komande transportplanen skal meisle ut eit heilskapleg bilete av kva for funksjonar dei ulike delane av transportsektoren skal ha.

- Noregskartet er på mange måtar teikna på nytt, med ny inndeling i fylker. Samstundes veit vi at mykje av handlingsrommet i økonomien framover må skapast av å gjere ting meir effektivt, kutte kostnadar og bruke ny teknologi på rett måte. I lys av dette er det naturleg med ein heilt ny NTP-prosess, der vi mellom anna trekker inn fylkeskommunane tidlegare enn før, seier Dale.

Blant utfordringane som fylka tok opp på møtet, var den store veksten i godstransport som er venta - ikkje minst frå kysten og fram til marknaden - og tidkrevjande planleggingsprosessar.

- Ei stor utfordring er også å handtere dei mange og store teknologiskifta vi veit vil komme i perioden vi no skal legge planar for. Vi kan vente oss kvantesprang både i rekneskapen for nullutslepp, kapasitet i infrastrukturen og når det gjeld dei innbyrdes konkurransefortrinna til dei ulike transportformene. Vi er sikre på at vi vil sjå radikale endringar, men det er krevjande å finne dei rette grepa for å utnytte endringane i tråd med den transportpolitikken vi vil ha, der grøn mobilitet som skapar verdiar og nye bu- og arbeidsmarknadsregionar er viktige mål, seier Dale.

Samferdselministaren seier han tek med seg gode og nyttige innspel frå NTP-møtet, som fann stad på Værnes. Innspela kom etter ein invitasjon til å legge fram kva for utfordringar regionane ser på som viktigast. Neste oppdrag til fylka og dei store bykommunane vil vere å prioritere kva for løysingar dei vil løfte fram og kva for løysingar som må kome lenger bak.

- Reell prioritering er ein heilt naudsynt del av arbeidet som regionane og andre aktørar no må inn i. Berre ved å halde fast på at formål og funksjon er rettesnora som gjeld, vil komande NTP kunne gje oss meir for pengane og skape betre resultat, understrekar Dale.

Arbeidet må ikkje begynne med å leite etter gode argument for å finne plass til flest mogleg av prosjekta på ønskjelista.

- Spørsmål må vere: Kva er hovudoppgåva til denne transportkorridoren? Kvar er flaskehalsen? Er den i vårt eige fylke eller er næringslivet vårt betre tent med at noko vert retta på i ein annan region?

- Sluttresultatet skal ikkje summerast opp i kor mange milliardar kroner vi har investert, kor mange tonn asfalt vi har lagt eller kva fylke som har fått flest av "sine" prosjekt på plass. Sluttresultatet skal bli ein mest mogleg framtidssikra plan for kva som skal til for å løyse konkrete oppgåver som fremjar verdiskaping og gode bu- og arbeidsmarknader, seier Dale.

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS