Pressemelding

Samferdselsdepartementet: - 22.04.2005

Luftfartstilsynet frå Oslo til Bodø: Flytteprosessen inne på eit godt spor!

- Luftfartstilsynet skal vere på plass Bodø innan 1. januar 2007. Eg er glad for at flytteprosessen nå er inne på eit godt spor, seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at regjeringa i dag la fram ei stortingsmelding om flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø.

Meldinga gir ei orientering om situasjonen i Luftfartstilsynet og flytteprosessen, frå stortingsvedtaket i juni 2003 og fram til utgangen av 2004. Hovudinnhaldet i meldinga er eit oversyn av planlagde og gjennomførte tiltak i det siste – for å sikre betre framdrift i flyttinga av tilsynet til Bodø.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS