Pressemelding

Fjord1 - 17.04.2018

Hjartestartarar til alle fartøy og kontor i Fjord1

Fjord1 har investert i hjartestartarar til alle ferjene og rutebåtane i flåten, som består i over eit
60-tals fartøy. I tillegg får alle tre administrasjonskontora kvar sine hjartestartarar. Fjord1 er
den første aktøren i den maritime næringa som tilbyr hjartestartarar om bord i fartøya, eit
hjelpemiddel som kan skilje mellom liv og død om ulukka inntreff.
Det er ikkje eit formelt krav med hjartestartar om bord i fartøya, men Fjord1 ønskjer likevel å
ta ansvar og vere førebudd for ein kvar krisesituasjon som kan oppstå.
-Vi i Fjord1 er stolte over å vere den første aktøren i næringa som tek ansvar ved å investere
i hjartestartarar om bord i våre fartøy. Vi tek vårt ansvar på høgste alvor, og ønskjer å vere
førebudd for ein kvar situasjon som kan oppstå om bord. Våre mannskap øver rutinemessig
på førstehjelp, og bruk av hjartestartar vil no inngå i desse øvingane, fortel driftsdirektør i
Fjord1 Andrè Høyset.
Det er selskapet Nordic Fire & Safety AS som leverer hjartestartarane, som vil bli distribuert
ut på alle fartøya innan ei veke. Det er også Nordic Fire & Safety AS som legg til rette for
opplæring og ettersyn av hjartestartarane om bord.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS