Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 18.06.2019

Færre bommar på sidevegar

- Regjeringa er oppteken av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. No strammar vi inn reglane for å sette opp bommar på sidevegar langs nybygde vegar. Desse vegane brukast først og fremst av folk som køyrer til og frå barnehage, jobb, matbutikken og fritidsordningar. Slik sørger vi for ei mindre bompengebelastning for folk flest, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

 

- No strammar vi inn reglane for å sette opp bommar på sidevegar langs nybygde vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Olav Heggø

I alle vegprosjekt i framtida, og som er under planlegging no, får ikkje Statens vegvesen eller Nye Veier moglegheit til å bruke bom på sidevegane langs den nye vegen. Samferdselsdepartementet vil òg gå gjennom alle prosjekt som i dag har slike bommar for å sjå om dei kan fjernast.

Dersom særlege høve tilseier bruk av slike bommar, må departementet få vite det på eit tidleg tidspunkt. Departementet vil avgjere dette i kvar enkelt sak.

Endringane vil gjelde frå i dag.

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS