Pressemelding

Fjord1 - 15.08.2017

Ein historisk dag for Fjord1

Frå i dag, tysdag 15. august 2017, er Fjord1 notert på hovudindeksen på Oslo Børs.
Fjord1 har vore notert på Merkur Market sidan mai, men i dag tek selskapet det store
spranget og blir notert på hovudindeksen på Oslo Børs.
- Det er fleire fordelar med å vere på Oslo Børs, mellom anna større spelerom i
kapitalmarknaden. Fjord1 gjennomfører tidenes ferjeløft. Vi er inne i ein periode med store
investeringar til nye miljøvennlege fartøy. Når vi skal vere leiande innanfor det grøne
skiftet, set det krav til god kapitaltilgang, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn
Neteland.
Med dagens notering blir Fjord1 det største selskapet i Sogn og Fjordane på Oslo Børs.
Havilafjord er i dag majoritetseigar i Fjord1 ASA med 51,5 prosent av aksjane. Gjennom
eigarskapet i eit av landets leiande transportselskap, styrkar Havila-konsernet posisjonen
som ein gigant på vestlandskysten.
– For Fjord1 er det viktig å vise at vi er ei god investering for eigarane våre. Drifta og
innteninga er stabil og god. Det er eit selskap med lovande framtidsutsikter som kjem på
børs, seier Neteland.
Aksjegåve
I samband med at Fjord1 går på børsen, har leiinga bestemt at alle fast tilsette får ei
aksjegåve til ein verdi av 10.000 kroner.
– Kvar einaste dag står våre tilsette på for å transportere reisande trygt over fjordane.
Med oppstartsaksjar kan dei styrke eit allereie stort engasjement for Fjord1, seier
Neteland.
 

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS