Pressemelding

Tore Nordtun, energi- og miljøpolitisk talsmann for Arbeiderpartiet - 09.06.2006

Brei tilslutning til Forvaltningsplanen for nordområda

Energi & miljøkomiteen har i dag avgitt innstilling vedrørande Stortingsmelding nr.8 (2005-2006), Forvaltningsplanen.

*forvaltningsplanen som no er ferdig handsama i komiteen viser at det er brei oppslutning om planen sjølv om nokre parti føreslår varig vern for nokre område, medan andre parti vil ha konsekvensutgreiing med sikte på petroleumsverksemd i dei mest sårbare områda. Trass i dette er det eit bredt fleirtal bak planen.
*Planen legg grunnlaget for bærekraftig næringsutvikling i området. Store deler av havområda i nord er med denne planen opna for næringsverksemd, mellom anna petroleumsverksemd. Dette vil sikre næringsutvikling, sysselsetting, vekst og utvikling i nord. Det er med dette grunnlag for ein ny optimisme for Nord-Noreg.
*I dei mest sårbare områda vil det verte innhenta meir kunnskap. Me vil ha fakta på bordet før me fattar avgjerd. Derfor er det ikkje opna for konsekvensutgreiingar i tråd med petroleumslova i dei mest sårbare områda no. Det er ikkje rett som enkelte hevdar at ei konsekvensutgreiing ikkje legg føringar. Etter loven tar ein sikte på petroleumsaktivitet ved ei konsekvensutgreiing. Dette fylgjer av loven. Me vil ha meir kunnskap før den avgjerda vert teken i høve til dei mest sårbare områda.
*Ingen område er varig verna. Planen er dynamisk og vil jamleg verte rullert og oppdatert. Fyrste gong i 2010.
*Opposisjonen sprikar på vesentleg punkt i vidt forskjellige retningar. Frå varig vern (KrF og Venstre) til konsekvensutgreiing i sårbare område (Høgre og Frp). Det er på denne bakgrunn verdt å stille spørsmål om det hadde vore mogleg med nokon forvaltningsplan utan regjeringsskifte i fjor haust?
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS